Idag har me forsatt rivinga forrut. Kappen som sto for tur. Den har me nå tatt ned og skal ta den med heim der det skal byggast ein ny, nett lik. Dei flotte dørene var heile så dei skal me bruka om igjen. Har bare lyst å sei at me var klar over tilstanden til båten når me kjøpte den, så detta kjem ikkje som ein overasking på oss. Me føler oss heldige som har fått kjøpt Frimann og me ser fram til setta den istand igjen. Mykje arbeid, men det er me klar over. I helga var me i Hardanger å kjøpte flotte tørre plank til dekket og bjelkar. Gler oss til å setta igong med den jobben. Spennande! Litt bilder frå i kveld.
 |
Kaffi må til.. |
 |
Open løysning |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar