mandag 14. oktober 2019

Heim til Mosterhamn

Me er ein familie som er særs interessert i gamle trebåtar. Frå før av har me kutteren Havøy. Me har hatt mange kjekke turar, besøkt nye plassar og blitt kjent med mange nye folk. Skøytelivet har gitt oss mange gode opplevelsar og minner. Me har snakka om å skaffa oss eit felles prosjekt, noko som heile familien kunne gå saman om. Me har reist land og strand for å kikka på båtar, for å finna det "rette" prosjektet. Nokon har blitt seld før me har lagt inn bud, andre har me hatt i tankane, men den båten som har oppteke tankane mest, er Frimann. Fornuften sa ein anna båt, men hjarta sa Frimann. Etter me var så heldig å få kjøpa den, har me ikkje sett oss tilbake. Frimann er draumebåten vår! På laurdag henta me den heim til Mosterhamn. Draumen gjekk i oppfyllelse og me er blitt eigarar av enda ein flott kutter frå Styrk Wincents båtbyggeri i Fana. Turen frå Jensaneset i Sagvåg tok ikkje lange tida.
Innseglinga til Mosterhamn

Frimann skal ligga på kaien til Hamnekafeen i Mosterhamn. Her er det fint å ligga i le frå vær og vind.
Det er mykje som må gjerast med båten, blant anna må heile dekket skiftast. Det har vært store vannlekkasjer, så heile innredinga er øydelagt og må skiftast. Kappen framme er heilt øydelagt så den må lagast ny. Det fyrste me må setta igong med er å dekke til øverste dekk, rydde ut alle tinga i båten og starte å tørke den innvendig. Så skal me igong med å rive å skifte øvre dekk, samt lage heilt ny kappe/ruff framme. Dette arbeidet skal me starta med så snart me har dekka den til og fått tømt og rydda den innvendig. Planen er å kjøpa ferdig material til øvre dekk sidan det hastar med å få det tett igjen. Frimann treng å skina igjen og det skal me hjelpa den med. Me har sett av nokre år til restaureringa, me gler oss til oppgåva og vegen fram mot mål. Me skal kosa oss på vegen!

4 kommentarer:

Oppdatering frå veka som gjekk

Her kjem ei lita oppdatering frå veka som gjekk. Me har forsatt rivinga av dekk. Idag var det ein dekksbjelke som me fjerna. Den var så råte...