lørdag 26. oktober 2019

Oppdatering frå veka som gjekk

Her kjem ei lita oppdatering frå veka som gjekk. Me har forsatt rivinga av dekk. Idag var det ein dekksbjelke som me fjerna. Den var så råten at den kun hang fast i plankane på dekk... Så på tide den blei skifta ut kan man seie. Resten av dekksbjelkane må òg skiftast ut, men me får ta ein om gongen. Skremande å sjå kor fort det forfelle når dekket ikkje er tett og det renn vatn inn. Legger ved litt bilder korleis det ser ut idag, kjenner me gler oss til å visa bilder når me byrjar å bygga dekk opp att.
Eller så har me tatt kappen heim i snekkerboden til far. Han er i full gong med å laga ein kopi av den gamle. Han er alt godt i gong. Godt å ha ein far som er ein hylar på snekring, det kjem vel med! Dørene var heldigvis ikkje råtna, så dei skal me pussa opp og bruka opp att. Er dei ikkje flotte vel? Me er usikker, men på den gamle kappens oppbygning, matrialbruk og samansetning ser det meste ut som den er frå båtens ungdom, men det er kun spekulasjonar...


Som dåke ser har me godt med arbeid føre oss, men me kosar oss på vegen. Det føles utruleg godt å få væra med på å setta ein så flott båt som Frimann istand igjen. Kjekt at så mange ynskjer å følga med oss på vegen. Takk for dåke heiar på oss, det treng me! 


mandag 21. oktober 2019

Riving av kappen

Idag har me forsatt rivinga forrut. Kappen som sto for tur. Den har me nå tatt ned og skal ta den med heim der det skal byggast ein ny, nett lik. Dei flotte dørene var heile så dei skal me bruka om igjen. Har bare lyst å sei at me var klar over tilstanden til båten når me kjøpte den, så detta kjem ikkje som ein overasking på oss. Me føler oss heldige som har fått kjøpt Frimann og me ser fram til setta den istand igjen. Mykje arbeid, men det er me klar over. I helga var me i Hardanger å kjøpte flotte tørre plank til dekket og bjelkar. Gler oss til å setta igong med den jobben. Spennande! Litt bilder frå i kveld.
Kaffi må til..





Open løysning

lørdag 19. oktober 2019

Å rive reint

Heile innredninga i lugaren/byssa forrut må rivas. På grunn av at dekk er øydelagt har det rent vatn inn og øydelagt heile rommet. Trist då det nok ikkje er så lenge sidan dette blei gjort. Me likar løysning særs godt, og ynskjer å bygge den opp att som før. Så idag har me tatt bilder, laga mål, dokumentert og laga teikningar før me tar å riv reint. Alt var vått der nede, men merkar at det har tørka godt allereide på 1 veke. Det hjelper nok på å få fekk alle våte material der nede også. Så me går i gong med rivinga der nede snarast. Ellers har me og vært i Hardanger idag å henta flott tørr plank slik at me kan komma i gong med å legga nytt dekk i næraste framtid.
Hull rett igjennom. Plukk råte


Sopp og mugg

Plukk råte


Kjekk planløysing

onsdag 16. oktober 2019

Pakke inn og pakke ut

Når er me i gong med å rydde ut alle tinga i lasterommet. Litt av en jobb! På grunn av vannlekasjer er båten full i sopp og rustvann. Skikkeleg griseri. Men me lar oss ikkje stoppa av det. På syndag bretta me opp ermane og fekk komt i gong med å tømt ein god del av det som skal ut av båten.
Stortsett heile dekket er råte og må skiftas ut, men i øvre dekk er det eit stort hål det kjem vatn inn. Me har difor starta å pakka båten inn i presenning. Det har allereide starta å tørka opp inne i båten, så det var effektivt. Planene er å skifta øvre dekk så snart som mogleg, difor har me kontakta eit sagbruk som hadde ferdig tørka materialer av den sorten me er på jakt etter. Me skal bort der i morgon å henta plank. Me har tilgong på skog og sag sjølv, men materiale må tørka i mange månedar, så me vel å kjøpa ferdig tørka materialer til øvre dekk så at me kan komma igong ganske kjapt.
Planløysninga inne i lugarane/byssa likar me særs god. Difor må me ta bilete og tegna og laga mål før me riv reint. Alt er dessverre råte og må fjernast. Me ynskjer å bygga det opp slik det var. Eg tenkjer me får legga ein god plan og ta eit skritt om gongen. Det skal bli kjekt å hjelpa denne flotte snart hundre år gamle båten tilbake til den tilstanden den fortjener!





mandag 14. oktober 2019

Heim til Mosterhamn

Me er ein familie som er særs interessert i gamle trebåtar. Frå før av har me kutteren Havøy. Me har hatt mange kjekke turar, besøkt nye plassar og blitt kjent med mange nye folk. Skøytelivet har gitt oss mange gode opplevelsar og minner. Me har snakka om å skaffa oss eit felles prosjekt, noko som heile familien kunne gå saman om. Me har reist land og strand for å kikka på båtar, for å finna det "rette" prosjektet. Nokon har blitt seld før me har lagt inn bud, andre har me hatt i tankane, men den båten som har oppteke tankane mest, er Frimann. Fornuften sa ein anna båt, men hjarta sa Frimann. Etter me var så heldig å få kjøpa den, har me ikkje sett oss tilbake. Frimann er draumebåten vår! På laurdag henta me den heim til Mosterhamn. Draumen gjekk i oppfyllelse og me er blitt eigarar av enda ein flott kutter frå Styrk Wincents båtbyggeri i Fana. Turen frå Jensaneset i Sagvåg tok ikkje lange tida.
Innseglinga til Mosterhamn

Frimann skal ligga på kaien til Hamnekafeen i Mosterhamn. Her er det fint å ligga i le frå vær og vind.
Det er mykje som må gjerast med båten, blant anna må heile dekket skiftast. Det har vært store vannlekkasjer, så heile innredinga er øydelagt og må skiftast. Kappen framme er heilt øydelagt så den må lagast ny. Det fyrste me må setta igong med er å dekke til øverste dekk, rydde ut alle tinga i båten og starte å tørke den innvendig. Så skal me igong med å rive å skifte øvre dekk, samt lage heilt ny kappe/ruff framme. Dette arbeidet skal me starta med så snart me har dekka den til og fått tømt og rydda den innvendig. Planen er å kjøpa ferdig material til øvre dekk sidan det hastar med å få det tett igjen. Frimann treng å skina igjen og det skal me hjelpa den med. Me har sett av nokre år til restaureringa, me gler oss til oppgåva og vegen fram mot mål. Me skal kosa oss på vegen!

Oppdatering frå veka som gjekk

Her kjem ei lita oppdatering frå veka som gjekk. Me har forsatt rivinga av dekk. Idag var det ein dekksbjelke som me fjerna. Den var så råte...