onsdag 16. oktober 2019

Pakke inn og pakke ut

Når er me i gong med å rydde ut alle tinga i lasterommet. Litt av en jobb! På grunn av vannlekasjer er båten full i sopp og rustvann. Skikkeleg griseri. Men me lar oss ikkje stoppa av det. På syndag bretta me opp ermane og fekk komt i gong med å tømt ein god del av det som skal ut av båten.
Stortsett heile dekket er råte og må skiftas ut, men i øvre dekk er det eit stort hål det kjem vatn inn. Me har difor starta å pakka båten inn i presenning. Det har allereide starta å tørka opp inne i båten, så det var effektivt. Planene er å skifta øvre dekk så snart som mogleg, difor har me kontakta eit sagbruk som hadde ferdig tørka materialer av den sorten me er på jakt etter. Me skal bort der i morgon å henta plank. Me har tilgong på skog og sag sjølv, men materiale må tørka i mange månedar, så me vel å kjøpa ferdig tørka materialer til øvre dekk så at me kan komma igong ganske kjapt.
Planløysninga inne i lugarane/byssa likar me særs god. Difor må me ta bilete og tegna og laga mål før me riv reint. Alt er dessverre råte og må fjernast. Me ynskjer å bygga det opp slik det var. Eg tenkjer me får legga ein god plan og ta eit skritt om gongen. Det skal bli kjekt å hjelpa denne flotte snart hundre år gamle båten tilbake til den tilstanden den fortjener!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppdatering frå veka som gjekk

Her kjem ei lita oppdatering frå veka som gjekk. Me har forsatt rivinga av dekk. Idag var det ein dekksbjelke som me fjerna. Den var så råte...