Eller så har me tatt kappen heim i snekkerboden til far. Han er i full gong med å laga ein kopi av den gamle. Han er alt godt i gong. Godt å ha ein far som er ein hylar på snekring, det kjem vel med! Dørene var heldigvis ikkje råtna, så dei skal me pussa opp og bruka opp att. Er dei ikkje flotte vel? Me er usikker, men på den gamle kappens oppbygning, matrialbruk og samansetning ser det meste ut som den er frå båtens ungdom, men det er kun spekulasjonar...
Som dåke ser har me godt med arbeid føre oss, men me kosar oss på vegen. Det føles utruleg godt å få væra med på å setta ein så flott båt som Frimann istand igjen. Kjekt at så mange ynskjer å følga med oss på vegen. Takk for dåke heiar på oss, det treng me!